Kategoriarkiv: Uncategorized

Om @marta_forskar

«Kva var det du jobba med igjen, eigentleg?»

Når eg får dette spørsmålet vert eg alltid glad for interessa, men samstundes litt nervøs. Redd for at eg skal gløyme meg og bli reven med i lange forklaringar. At den som spurte skal bli tom i blikket og angre spørsmålet.

«Eg forskar på miljøgifter, og særleg korleis dei påverkar liv i havet for det er jo der…»
«Me brukar torsken, du veit, torsk, som modell. Ja, den er jo veldig viktig for fiskerinæringa men det er blitt mykje mindre av den i fjordane no…»
«Og så er eg prosjektkoordinator i dCod. Nei, ikkje iCod eller iCod 2.0, det var tidligare prosjekt. dCod er eit…»
«Ja, det prosjektet er ein del av Senter for Digitalt Liv Norge, som er ei satsing frå Norsk Forskningsråd for å fremje bioteknologi og….»
«Altså, egentlig ikkje forskar endå då, men postdoktor. Du veit, sånn etter doktorgraden…»

Instagram-kontoen @marta_forskar er mitt svar på dette. Eg trur forsking framleis blir sett på som litt mystisk og sært. Men så er me eigentleg nokså vanlege folk som driver med det. Og me gjer i grunn mykje som er veldig kjekt. Det håper eg å vise fram.

Bloggen er eit biprodukt. På Instagram må eg framleis avgrense meg, sjølv om illustrasjonar og bilete kan fortelje mykje. Her kan eg poste lengre tekstar om tema eg ynskjer å utdjupe litt meir, og ikkje minst vise til eventuelle kjelder.